Halvard Ljostad frå Mo i Tokke omkom i ulykka 10. april i fjor.

Mann frå Vest-Telemark dømt for brot på vegtrafikklova etter dødsulykka i Åmot

10. april i fjor mista Halvard Ljostad livet i ei ulykke i Åmot. Nå har saka vore i tingretten. 

Publisert Sist oppdatert

Ein mann frå Vest-Telemark vart sikta for brot på vegtrafikklova etter ulykka som skjedde i bygget som tidlegare husa Telemark Bilruter i Åmot. 

Då saka gjekk i Telemark tingrett i mars tilsto mannen i 30-åra forholda. 

Retten sluttar seg til skildringa som påtalestyresmakta har gjeve av hendelsesforløpet, og her kjem det fram at mannen i 30-åra saman med ein kollega var på arbeid og utførte vedlikehald på hengaren til ein lastebil inne på verkstaden denne dagen. I samband med dette sette mannen hengaren i tipp-posisjon for å kome til smørepunkta. Då han etterpå skulle køyre lastebilen ut av verkstaden, gløymde han å senke tippkassa igjen. Dette førte til at tippkassa kom borti portopninga og drog med seg heile endeveggen på bygningen, slik at den ramla ned på utsida av bygningen. Veggen ramla ned over Halvard Ljostad som sat i ein parkert varebil på utsida. Ljostad mista livet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS