Mann funnen død etter brann i bustadhus. Politiet har ikkje kome i gang med undersøkingane

Ein mann i 30-åra vart sundagsmorgonen funnen død etter ein brann på Flatin i Kviteseid. Politiet seier sundag ettermiddag at det framleis er for varmt på branntomta til å gjennomføre undersøkingar.

Publisert Sist oppdatert

Politiet opplyser til VTB sundag ettermiddag at det ikkje har vore mogleg å gjennomføre åstadundersøkingar på staden, då branntomta framleis er for varm. Dei har ingen ytterlegare opplysningar.

Oppdaga brannen

Det var tidleg sundag morgon at politiet fekk melding om brannen. Etter at røykdykkarar fyrst måtte avbryte søket då brannen tok seg kraftig opp, kom dei seg på nytt inn i huset, og politiet meldte klokka 7.41 at det var gjort funn av éin person. Klokka 9.43 meldte politiet at personen som vart funnen, ein mann i 30-åra som bur i huset, var død.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS