Mann i 60-åra til sjukehus etter ulykke
Naudetatane blei kalla ut etter melding om ei trafikkulykke på Raulandsvegen i Vinje tidleg torsdag morgon.
Politiet i Sør-Aust skriv at ein personbil hadde køyrd av vegen, og at ein mann i 60-åra frå Agder blei frakta til sjukehuset i Skien for sjekk. Det er ikkje meld om alvorleg skade.
Politiet har ikkje vore på staden, eller snakka med førar, men melder dei vil opne sak. Berging til bilen er bestilt.
Artikkelen held fram under annonsen.