Laga bilrebusløp: Mari Snaunes fekk med seg Vrådal idrettslag og Vrådal sanitetslag då ho laga bilrebusløp rundt omkring i Kviteseid kommune andre påskedag.
Tone Tveit
Mari sin spontane idé vart populært bilrebusløp
Andre påskedag rulla bilar på kryss og tvers rundt om i Kviteseid kommune. Den spontane ideen til Mari Snaunes fekk lokka 112 personar med i eit morosamt og koronavenleg bilrebusløp.
– Sundag køyrde me ein tur til Notodden, på heimvegen starta eg å tenke på rebusløpet syster mi hadde snakka om. Dei skulle ha ei slik tevling i nabolaget sitt på Jæren, der ho bur. Eg tenkte, kanskje me kunne fått til noko slikt her i Vrådal også. Finne på noko morosamt ein kan gjere i desse dagar, for å få med flest mogleg utan å vere samla saman, smiler Mari Snaunes.
Før familien hadde kome heim til Vrådal att, var planen klar og åtte postar i ei bilrebustevling tenkt ut.
– Eg er ein veldig spontan person, så alt blei laga klart kvelden før. Eg hadde lyst til at dette skulle vere ein aktivitet som alle kunne vere med på, og ynskte inga deltakaravgift. Eg kontakta idrettslaget og sanitetslaget i Vrådal for å høyre om dei ville støtte bilrebusløpet med ein premie til vinnarlaget. Dei var positive og ville støtte arrangementet med ein gong, seier Snaunes.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP