Maria Bruleite Bjåen er tilsett som ny verksemdsleiar, eller rektor, for Øyfjell oppvekstsenter.
Privat
Maria starta som assistent for elleve år sidan. Nå blir ho rektor
– Det er jo rart å tenke at eg står her no. Det var aldri i tankane mine då eg starta å jobbe ved Øyfjell oppvekstsenter i 2014, seier Maria Bruleite Bjåen, som nettopp har takka ja til rektorjobben ved oppvekstsenteret.
Bjåen starta som SFO-leiar og assistent i 2014, og dei fire neste åra tok ho grunnskulelærarutdanning
samstundes som ho jobba. Etter fleire år på SFO og i
klasserommet, synest ho det blir spennande å leie oppvekstsenteret vidare.
– Det er eit godt team med flinke tilsette
som jobbar her, og eg gler meg til å utvikle skulen og barnehagen vidare saman
med dette teamet. Med eit oppvekstsenter får ein den unike moglegheita til å
fylgje borna frå barnehagestart og ut 7. klasse. Barns beste står i fokus heile
vegen. Og det å skape tryggleik, gode overgangar, og eit godt barnehage- og
skulemiljø er veldig viktig, seier Bjåen, som også er glad for å ha resten av oppvekstsektoren å støtte seg på.
– Gjennom åra har eg erfart Øyfjell oppvekstsenter og Vinje kommune som ein fin arbeidsplass og arbeidsgjevar. Samarbeidet med andre skular og barnehagar er viktig. Eg ser fram til å jobbe saman med, og lære av dei andre gode leiarane i Vinjeskulen og Vinjebarnehagen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP