Fekk fyken: Marianne Eikland var sekretær i Vest-Telemark PPT i fem og eit halvt år, og trudde ho hadde ein trygg jobb i ei kommunal teneste. Det viste seg å vere feil.

Marianne står framleis utan jobb etter at ho blei sagt opp i Vest-Telemark PPT

I oktober blei alle dei tilsette i Vest-Telemark PPT IKS oppsagde og måtte søke nye jobbar på lik line med andre søkarar. Det er ikkje ein grei måte å handsame dei tilsette på, meiner fagforeiningane.

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste av dei PPT-tilsette var medlemer i Utdanningsforbundet, og dei er klare på at framferda til kommunane ikkje har vore grei.

– Me meiner kommunane fråskreiv seg alt ansvar som arbeidsgjevar for sine tilsette ved å ikkje følge reglane om verksemdsoverdraging, seier Gro Jørandrud i fylkesstyret til Utdanningsforbundet.

– Som ein ansvarleg arbeidsgjevar burde kommunane i Vest-Telemark sett dei tilsette sin rett til eit trygt og godt arbeidsmiljø i sentrum, og samtidig sikra trygge tilsettingstilhøve. Det blei dessverre ikkje gjort, noko Utdanningsforbundet Telemark synest er svært beklageleg for dei tilsette ved Vest-Telemark PPT IKS.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS