Marius Ulven Andersen
Marius Ulvestad Andersen frå Seljord i skisporet

Marius fekk bryne seg på verdas beste

Marius Ulvestad Andersen har ein litt meir krevjande kvardag enn dei fleste andre norske skiskyttarjuniorar. Seljordingen tilbringer nesten tre timar på buss kvar dag sidan han dagpendlar til Notodden.

Publisert Sist oppdatert

Marius, som fyller 18 år i slutten av november, har valt dagpendling framfor hybelliv. Først og fremst fordi han trivst godt heime, og at han på den måten kan halde fram med skiskyttarsatsinga. Den målretta tenåringen er ein del av det forholdsvis vesle, men gode skiskyttarmiljøet i heimbygda. Det blir ikkje tid til så mykje anna enn skule og skiskyting når Ulven Andersen står opp i kvart på seks-tida, og sit på bussen tre kvarter seinare. 

Klokka har passert fem med god margin når han er heime igjen. Då er det berre å få i seg nokre brødskiver før han dreg på trening. Litt kvile og restitusjon blir det tid til før han mellom halv ti og ti kryp til køys for å få sove. Marius fortel til Vest-Telemark Blad at han nå ser slutten på Notodden-prosjektet. For om knappe tre månader er han ferdig på skulen der og klar for læretid i Bø. Då blir reisetida betydelig kortare. 

– Eg har førarkort for lett motorsykkel og kjem nok til å bruke motorsykkelen på haustparten og når det er bare vegar. Så blir det buss dei andre dagane, seier Marius. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS