Markering av krigsheltane: Kaptein Olav Aalandslid (f.v.) og Kaptein Svein Vetle Trae.

Markering av krigsheltar på Syrbekkstøylen på Rauland

På 75-årsdagen for drapa på krigsheltane professor og Major Leif Tronstad og sersjant Gunnar Syverstad blir det stor markering på Rauland.

Publisert

Markeringa på Syrbekk 11. mars er eit arrangement som er ope for alle interesserte. Det blir frammøte på parkeringsplassen ovanfor Rauland Høgfjellshotell. Derifrå kan ein gå på ski (2,5 km) inn til Syrbekk. Heimevernet stiller med to Bandvogner og fleire snøscooterar som kan frakte dei som treng skyss, seier kaptein Olav Aalandslid. Det vil òg vera æresvakter frå Heimevernet under markeringa. Utanom tala til Svein Vetle Trae vert det blomsternedlegging, salutt ved kaptein Olav Aalandslid, tale ved generalmajor Torgeir Gråtrud og appell ved Leif Tronstad jr., son av motstandshelten. Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven avsluttar arrangementet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS