Bruklege bygningar: Det er hus og driftsbygning på både Kyrkjebø og på eigedomen som garden vert delt frå. Det var med på å vippe vektskåla til «ja» i denne delingssaka. På biletet ser ein tunet på Kyrkjebø.
Åshild Emma Solbjør
Måtte dele garden før Ludvig kunne få konsesjon. Det vart litt vrient
Saueklypparen Ludvig Gulliksen frå Hvittingfoss har kjøpt gardane Kyrkjebø og Nordbø i Øyfjell og har søkt konsesjon på desse. Men fyrst måtte eigedomane bli dela frå ein annan gard i bygda, og då kjende nokre utvalsmedlemmar at dei møtte seg sjølve litt i døra.
Gulliksen gav 2,8 millionar kroner for gardsbruka, som er på til saman 357 dekar. Han vil busette seg i Øyfjell og har planar om å starte opp med sau der. Seljaren, Vidar Sæther, eig også ein annan landbrukseigedom i bygda, og før Gulliksen kunne få konsesjon måtte plan- og miljøutvalet avgjere om det var greitt å dele Kyrkjebø og Nordbø frå den andre garden.
Dette var ikkje heilt beint fram å seie ja til, for tidlegare i haust sa utvalet nei til ei liknande delingssak i Øyfjell, der Trygve og Hege Veslestaul ønskte å dele eigedomane Sudbø og Røyndal for å la sonen overta Røyndal, der han alt bur på ei frådelt tomt. Eit av hovudargumenta for å seie nei til denne delinga var at dette ville svekke driftsgrunnlaget til garden, sidan driftsbygningane ligg på Sudbø medan mesteparten av den dyrka marka og utmarka er på Røyndal.
Veslestaul klaga på delingsnekten, men fekk framleis nei. Saka gjekk så til Statsforvaltaren, som var samd med kommunen i at det var rett å seie nei til deling. Dette vedtaket låg som referatsak i same møtet som delingssaka med Kyrkjebø og Nordbø, noko som gjorde sitt til at dei to delingssakene blei sett endå meir i samanheng.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP