Gardeigarar: Paul Erik Trøite og Line-Christin Odden Tøftevang har saman med hunden Birk funne seg godt til rette på Jordstøyl. På sikt håpar dei å starte opp gardsdrift.

«Me fekk blomar av Hanna Jordstøyl. Betre velkomst kunne me ikkje håpa på».

Paul-Erik Trøite og Line-Christin Odden Tøftevang slo til då garden Jordstøyl på Våmartveit blei lagt ut for sal.

Publisert

– Det var ganske spontant. Me måtte ut frå der me budde og sidan me ventar unge hasta det litt med å finne noko, så då var det berre å prøve, seier Paul-Erik Trøite.

I snaue to år har paret i starten av 20-åra leigd eit hus på Mogane, men no er dei altså gardeigarar på Våmartveit. Paret møttest då dei begge gjekk på skule på Notodden, der Tøftvang opphavleg kjem frå. Trøite har vakse opp i Bøgrend.

– Me budde på Notodden i eit par år til eg var ferdig som lærling. Då stod eg utan arbeid, og me fann ut at me ville flytte til Vinje. Her fekk eg jobb ganske fort og me likar oss godt, seier Tøftevang.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS