Villrein: Illustrasjonsfoto.

«Me må få på plass eit mykje betre kunnskapsgrunnlag før me set i verk drastiske tiltak. Det er ikkje lenger godt nok å «adoptere» erfaringar frå CWD på hjort i Nord Amerika. Noreg må ta plass i førarsetet når det gjeld kunnskapsbygging om villrein og CWD»

Sentrale personar frå Villreinnemnder og -utval kom saman i Eidfjord for å drøfte problemstillingane dei står oppe i, og korleis den lokale forvaltninga kan bidra mest mogleg konstruktivt i det vidare arbeidet.

Publisert Sist oppdatert

Deltakarar på møtet i Eidfjord var: Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet med Endre Lægreid (leiar) og Egil Rønning (sekretær), Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell med Runar Tufto (leiar), Olav J. Bøtun (nestleiar) og Siri W. Bøthun (sekretær), Hardangervidda villreinutval med Henning Poulsson (leiar) og Svein Erik Lund (sekretær), Villreinutvalet for Nordfjella med Sigmund Tveitehagen (leiar) og Harald Skjerdal (sekretær), Raudafjell villreinutval med Odd Ohnstad (leiar) og Lars Nesse, CWD-koordinator for kommunane i Nordfjella.

– Funnet av skrantesjuke på Hardangervidda krev nå alle aktørar i villreinforvaltninga sitt fulle fokus, melder representantane i ei pressemelding.

– Me må få på plass eit mykje betre kunnskapsgrunnlag før me set i verk drastiske tiltak. Det er ikkje lenger godt nok å «adoptere» erfaringar frå CWD på hjort i Nord Amerika. Noreg må ta plass i førarsetet når det gjeld kunnskapsbygging om villrein og CWD, seier Endre Lægreid, leiar for Villreinnemnda på Hardangerviddaområdet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS