Vaksine-svindel: Norsk Cybertryggleikssenter har åtvara kommunane om at dei ventar ei auke i forsøk på svindel i samband med vaksinasjon mot koronaviruset. – Om du blir oppringd av eit nummer som startar med to er det etter alt sannsyn ikkje kommunen som ringer, seier seniorådgjevar i beredskapsstaben hjå fylkesmannen, Jan W. Jensen Ruud.

– Me veit at det er svindlarar der ute som ventar på å ta kontakt med Ola og Kari Nordmann

Nasjonalt Cybertryggleikssenter har vurdert trusselbildet knytt til vaksinasjon mot koronaviruset, og ber kommunane førebu seg på svindelforsøk i tida framover.

Publisert Sist oppdatert

I eit skriv som er forfatta av Nasjonalt Cybertryggleikssenter (NCSC), som er underlagt dei nasjonale tryggleiksstyresmaktene, og sendt ut til kommunane frå Statsforvaltaren, blir kommunane bedne om å førebu seg på svindelforsøk.

– Svindel og spreiing av skadevare er utbreidd i andre land, og rammar også Noreg for tida. Basert på erfaring forventar NCSC at svindelforsøka vil auke i omfang i tida framover, heiter det i skrivet.

Svindlarar nyttar fleire ulike kanalar for nå fram til potensielle offer, og det finst eksempel på svindel gjennom telefonoppringingar, sms, e-postar og meldingar i sosiale medium.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS