Om lag 50 deltakarar var med på den fyrste turen til «jobb-bussen», som gjekk til Haukeli.
Ingrid Byggland
Med «jobb-buss» rundt i kommunen
Gjennom det nye prosjektet med «jobb-buss» får flyktningane moglegheit til å besøke lokale bedrifter, bli kjend med næringslivet og knyte kontakt med potensielle arbeidsgjevarar.
Vinje kommune har nyleg fått tildelt 100.000 kroner frå Telemark fylkeskommune for å fremje arbeidsintegrering av innvandrarar i distrikta.
– Prosjektet har som mål å auke fokuset på tverrfagleg samarbeid, få fleire flyktningar ut i arbeid og bidra til at dei får eit utvida nettverk, som dei kan bruke inn i integreringsprosessen, både retta mot arbeid og i samfunnet elles, seier flyktningkonsulent i Vinje og prosjektkoordinator, Synne Aasland.
Prosjektet er forankra i både kommuneleiinga, blant flyktningane sjølve og hos dei lokale næringsaktørane gjennom samarbeid med næringslaga Visit Haukeli, Visit Rauland og Visit Vinje. Det er også eit tett samarbeid med Nav Vest-Telemark for å nå ut til arbeidssøkjarar som har avslutta introduksjonsprogrammet eller norskopplæring ved Vinje vaksenopplæring.
Mobil jobbmesse
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP