Einar Søreide er leiar i Telemark Mållag som når har det høgaste medlemstalet på 20 år.
Telemark mållag
Medlemstalet i Telemark Mållag aukar
Telemark Mållag hadde ved årsskiftet 536 medlemer, det høgaste talet på 20 år.
På fylkesårsmøtet vart det slått fast at mållaget, saman med Noregs Mållag, har vunne fleire politiske sigrar det siste året, kjem det fram i ei pressemelding.
Blant dei største framstega er at NRK oppfyller målet om 25 prosent nynorsk, Vipps er tilgjengeleg på nynorsk, og ei ny opplæringslov sikrar at digitale skriveprogram i skulane kjem på begge målformer samtidig, oppsummerte
dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, som var gjest på årsmøtet.
Leiar i Telemark Mållag, Einar Søreide, understrekar at fylkeskommunen må følgje vedtaket om minst 40 prosent nynorsk i offentlege dokument.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP