Ordførar i Kviteseid: Bjørn Nordskog (Sp) seier at Kviteseid kommune ser det som sjølvsagt at dei lokalisasjonane for politiet som er i dag, blir tatt vare på, og han meiner at det er særleg viktig når ein skal fordele nye stillingar.
Tone Tveit
Meiner dagens politikontor må bli tatt vare på. – Me må vera samla om at Vest-Telemark skal ha fleire politistillingar.
Kviteseid-ordførar, Bjørn Nordskog, meiner at det er naudsynt med eit godt samarbeid med politiet når det skal bli fordelt 16 politistillingar i Sør-Aust politidistrikt.
Nordskog seier at politidistriktet har store avstandar, og meiner bemanninga må opp dersom ein skal sikre betre beredskap i ytterkantane av distriktet.
– Justisminister Enger Mehl har varsla ei styrking av ressursane til politiet, og 16 nye politistillingar skal til Sør-Aust politidistrikt. Dette er gode nyheiter, meiner Nordskog.
Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) har uttala at ho forventar at 6–8 stillingar vert plasserte i Seljord. Kviteseid-ordføraren meiner ein i Vest-Telemark må sjå regionen samla.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP