Rekordjagarar: I september byrja dei prosjektet med å lage ei lang lenke av gummistrikk. Kanskje er det både noregsrekord og europarekord. Bak f.v. Oliver Kleiv Nilsen, Heine Råmunddal Sjerve, Mikkel Tveit Bakkemoen, Mathias Eidal Rue, Vebjørn Aasan, Eilev Aasan. Framme f.v. Emanuel Moskogpinto, Sigve Aafløy Bredesen, Amund Rue og Rohana Iguro.

Meiner dei har sett rekord med over 1000 meter lang gummistrikk-lenke

Fleire av elevane som går på SFO ved Seljord barneskule har sidan september «strikka» ei lang gummistrikk-lenke. Sjølv om dei ikkje har funne nokon offisielle målingar, meiner dei at dei kan ha sett rekord, både i Noreg og Europa.

Prosjektet byrja som ein enkel idé, men har utvikla seg til eit «æveprosjekt». Ti gutar frå 2.– 4. klasse utgjer den harde kjerne, som jobbar mest med prosjektet, men også andre elevar bidrar.

Sjølve ideen kom frå Heine Råmunddal Sjerve i september. Han hadde gjort noko liknande tidlegare, og fekk lyst til å lage ei kjempelang gummistrikk-lenke, og fekk med seg fleire på ideen. Sidan då har dei jobba jamt og trutt med prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fingerstrikkar små, fargerike gummistrikk saman, og festar dei saman til ei lang lenke etter kvart. Alle kan derfor arbeide med det på same tid.

Sosial aktivitet: – Mange synest det er avslappande å halde på med, og dei har det hyggeleg medan dei held på, seier SFO-leiaren.

– Målet er å få det så langt som mogleg, seier Heine.

Og langt har det blitt. Nyleg målte dei lenka, som er på over 1000 meter.

– Målet vårt var å koma opp i 1000 meter, men no har me klara meir enn det, så målet blir heile tida sett høgare, seier Heine.

SFO-leiar Haldis Thorvaldsen seier verdsrekorden for lengste gummistrikk laga av ei gruppe er på 16 000 meter. Dei har ikkje klara å funne nokon offisiell rekord for Noreg eller Europa.

– Men håpar kanskje me har både noregs- og europarekorden, seier ho.

– Og me vil prøve å slå verdsrekorden, seier gutane.

Dei skjønar at det ikkje lar seg gjere dette året, men seier dette er eit prosjekt som kan halde fram i lang tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når me sluttar på SFO, så kjem det andre inn, som kan fortsetje med dette, seier dei.

Samarbeid: Mathias Eidal Rue og Eilev Aasan samarbeider om ei mindre lenke som skal bli ein del av den lange lenka etter kvart.

Sosialt og avslappande

Prosjektet har også blitt ei fin moglegheit til å lære matematikk på ein praktisk måte.

Dei måler lenka med jamne mellomrom. Oftast brukar dei samlingsrommet, der dei legg lenka fram og tilbake på golvet, men dei har også vore på Eventyrøy og målt lenka på løpebanen der.

Matematikk: I haust målte dei gummistrikk-lenka på løpebanen på Eventyrøy. Då var lenka 400 meter.

SFO-leiaren seier det også er eit sosialt prosjekt, som går på tvers av alder.

– Barna sit saman, småpratar og har det hyggeleg medan dei arbeider. Det fungerer også som ein avslappande aktivitet for mange, seier Thorvaldsen.

Nokon av elevane har blitt så ivrige at dei også lagar lenker heime og tar med til SFO for å forlenge lenka der.

– Me driv på med litt andre ting også, men det går stort sett i fotball og dette her, seier gutane og smiler.

Sosialt: F.v. Emanuel Moskogpinto, Eilev Aasan, Mathias Eidal Rue, Mikkel Tveit Bakkemoen, Vebjørn Aasan, Rohana Iguro, Heine Råmunddal Sjerve, Oliver Kleiv Nilsen, Sigve Aafløy Bredesen og Amund Rue synest det er moro og koseleg å «strikke» gummistrikk-lenke på SFO.