Kva skal skje med konsesjonskrafta til Vinje? Skal ein innføre eit pristak etter Tokke-modellen? – Nei, meinte eit samla formannskap. Kommunestyret skal handsame saka torsdag 9. februar.
Geir Ufs
Meiner det er to måtar å oppnå lågare straumpris, men vil ikkje tilrå «Tokke-modellen»
Det er mogleg for Vinje kommune å tre ut av avtala med Ishavskraft i september 2023, men det tilrår ikkje rådmann Jan Myrekrok.
– Ved å gå over til «Tokke-modellen» frå 2024 vil kommunen få ein svært kraftig inntektsreduksjon, som vil få store konsekvensar for driftsbudsjettet, skriv Vinje-rådmannen i si vurdering til politikarane.
Hovudfokuset i saksutgreiinga er dei store negative økonomiske konsekvensane eit pristak vil ha for kommuneøkonomien. Vinje kommune tener store summar på å selje konsesjonskrafta si på marknaden, og rådmannen legg fram ei rekkje argument mot å gå over til den såkalla «Tokke-modellen», altså at kommunen si konsesjonskraft blir selt til eigne innbyggjarar med eit pristak.
Meirarbeid for kommunestyret
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP