Omstridt: Eigaren av Lundevall søkjer om at Kviteseid kommune skal dekke saksomkostnadar på 65 000 kroner. - Kan ikkje sjå at det er grunnlag for å dekke sakskostnader i denne saka i det omfanget, meiner kommunen.

Meiner kommunen må betale 65 000. – Ikkje grunnlag for å dekke sakskostnadar i dette omfanget

Eigaren av garden Lundevall i Kviteseid, Elizabeth Kvie Lundevall, meiner kommunen skal betale 65 000 i saksomkostnadar i låvesaka.

Bakgrunnen for saka er at formannskapet sa nei til å la Kvie Lundevall rive låven sin, men Statsforvaltaren slo fast at kommunen ikkje hadde heimel til dette.

I vedtaket frå Statsforvaltaren står det også at Forvaltingslova «gjev rett til dekking av det vesentlege sakskostnadar som har vore naudsynte for å få endra vedtaket til gunst for ein part».

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvie Lundevall meiner beløpet er på 65 000 kroner, og sende brev om dette til Statsforvaltaren tidlegare i sommar. Nå har Kviteseid kommune, ved plansjef Sveinung Seljås, sendt sin uttale til Statsforvaltaren. Der står det mellom anna:

– Objektivt kan kommunen derfor ikkje sjå at det er grunnlag for å dekke sakskostnader i denne saka i det omfanget søkar ber om. Kommunen vil derfor be Statsforvaltaren avkorte kravet til det som etter rimeleg skjønn, kan seiast å ha vore nødvendig for å få omgjort vedtaket, skriv Kviteseid kommune til Statsforvaltaren.

Kommunen meiner Kvie Lundevall har nytta unødvendig mykje tid og lagt ved dokumentasjon som hadde liten eller ingen relevans for utfallet.

– Det var til dømes alt ved den administrative behandlinga av søknaden, ut frå kontakt med landbrukskontoret i kommunen, lagt til grunn at låven ikkje lenger hadde nokon positiv bruksfunksjon for landbruksdrifta av eigedomen. Søkar blei også ved fleire høve råda til å korte ned på uttalane sine, skriv Seljås.

– I ein e-post av 12.10.21 er dette uttrykt slik: «Du skriv kanskje litt for langt/omstendeleg til at alle vil fylgje deg, særleg fordi delar av argumentasjonen din går på ein mogleg sviktande føresetnad, dvs. berre bevaring etter antikvariske prinsipp.» Seinare korrespondanse tok derimot ikkje omsyn til dette, snarare skjedde det motsette, skriv Seljås.

Den totale summen Kvie Lundevall søkjer om er 65 000 kroner, der mellom anna nesten 15 000 kroner er brukt på tilstandsrapport på låven, 6 000 til uttale frå landbruksfagleg rådgjeving og 44 000 på eige arbeid med klagesaka.

Seljås skriv også:

– Det kan heller ikkje sjåast bort frå at formannskapets fleirtal blei påverka av uttalen frå fylkeskommunen, der det nettopp blei hevda at kommunen hadde lovheimelen til å nekte riving. Eit krav retta mot kommunen om dekking av sakskostnader, bør derfor også vurderast opp mot dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plansjefen seier også at eit krav uansett vil bli lagt fram for formannskapet til vurdering, før det eventuelt blir akseptert/etterkome.