Stemte mot: Halfdan Haugan (Ap) og Edvard Mæland (H) ynskte ikkje å jobbe vidare med planar for å etablere robuste bustadar på eigedomen Tingstad, men fleirtalet vann fram om at kommunen jobbar vidare med dispensasjonssøknad for eigedomen ved E134.
Tone Tveit
Meiner rasteplasstomta er ueigna. Skeptiske til at kommunen vil nytte ho til hardbruksbustadar
– Om andre hadde søkt om å få bygge her, hadde me sagt ja då?, undra nokre av politikarane i formannskapet i Seljord då fleirtalet vedtok å gå vidare med planar for «robuste bustadar» på ei tomt regulert til rasteplass ved E134.
Seljord kommune har arbeidd i fleire år med kvar dei skal plassere robuste bustadar, også omtala som hardbruksbustadar. Sidan det har vore vanskeleg å finne ein aktuell stad for desse bustadane, kjem saka nok ein gong til politisk handsaming. Kommunen har sett på tomter dei eig og spurt om nokon vil selje eigedom til dette føremålet, men utan hell.
Diskusjonen i formannskapet handla hovudsakleg om to alternative plasseringar: Nyveg 31 like ved Byggmakker sine lokale i sentrum og tomta Tingstad som ligg mellom E134 og Vallaråi ovanfor Sundsbarm kraftverk.
I 2020 blei eigedomen Nyveg 31 kjøpt for to millionar kroner med tanke om at kommunen skulle etablere robuste bustadar der. Huset blei pussa opp av kommunen si driftseining, og har mellom anna blitt bruka til dette føremålet. Huset i Nyveg 31 står nå tomt etter hard bruk og kraftig vasslekkasje.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP