Ville ikkje stoppe prosjektet: Varaordførar i Nissedal, Geir Christian Enger (KrF). (Arkivfoto).
Geir Ufs
Meinte det ville vore feil å stoppe skuleprosjektet. Sa ja til større lån
Kommunestyret i Nissedal er samde om å auke investeringsramma for rehabilitering og ombygging av storskulen for å kome i gang med arbeidet.
Ordførar Ian Parry-Jones (Sp) og dei andre medlemmene i kommunestyret i Nissedal blei torsdag samla digitalt på Teams for å handsame saka om å auke låneopptaket med 6,6 millionar kroner slik at arbeidet med å bygge om og rehabilitere ungdomsskuledelen av Tveit skule i Treungen kan kome i gang etter sommarferien.
Ordføraren sa at Viking bygg AS har det billigaste tilbodet på litt over 46 millionar kroner, og at det difor var naudsynt med ei tilleggsløyving som kommunestyret måtte godkjenne for at prosjektet ikkje skulle stoppe opp.
– Det ville vore for lenge å vente til neste ordinære kommunestyremøte som er i september, då hadde ein heller ikkje kunne sett i gang byggearbeid som planlagt, uttala ordføraren.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP