Kunnskapsminister Guri Melby flaggar no at regjeringa vil innføre eit prinsipp om fritt skuleval til våren for å hindre at fylka vedtek og innfører nærskuleopptakFoto: Jil Yngland / NTB / NPK
Melby gir fylkespolitikarane ansvar for VGS-bråk
Kunnskapsminister Guri Melby (V) avfeiar kritikken mot ny inntaksmodell for vidaregåande. Fylkespolitikarane må ta ansvar for at det er forvirring, meiner ho.
Reaksjonane frå opposisjonen på Stortinget, KS, lærarorganisasjonar og ei rekkje raudgrøne fylkeskommunale politikarar har vore sterke etter at regjeringa søndag varsla at dei vil innføre eit friare skuleval til vidaregåande skule i heile landet og nekte fylkeskommunane å ha inntak etter eit nærskuleprinsippet.
Kunnskapsminister Guri Melby (V) kallar mange av reaksjonane overraskande og overdramatiserande.
– Det vi foreslår, har i praksis vore praktisert i mange fylke i mange år, også i fylke styrt av dei raudgrøne. Så viss dette er så negativt, så synest eg det er rart at dei har praktisert dei modellane over lang tid, seier Melby til NTB.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP