Miljødirektoratet har bestemt at det kan bli felt to jervar

Lisensfellinga har ikkje gjeve resultat. Derfor har Miljødirektoratet bestemt at det kan bli felt to jervar i kommunane Bykle, Hjelmeland, Sirdal, Suldal, Ullensvang, Valle og Vinje.

Området ligg i rovviltregion 1 og 2.

– Det har vore ein aukande jervebestand i området, og tap forårsaka av jerv har òg auka. Då lisensfelling ikkje har gitt resultat, ser vi oss nøydde til å forsøke uttak i statleg regi for å avgrense skadar når beitesesongen byrjar, seier Susanne Hanssen, seniorrådgivar i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lisensfelling skal vere det viktigaste verktøyet for å avgrense veksten og/eller utbreiinga av bestanden av jerv. Lisensfelling er ei ordning der ansvarleg myndigheit fastset kvotane, og registrerte lisensjegerar kan felle jerv.

Miljødirektoratet vurderer kvart år om det er behov for ekstraordinære fellingar av jerv i statleg regi for å førebyggje skadar på husdyr og tamrein, særleg i område der lisensfelling ikkje gir resultat.

Miljødirektoratet si feltavdeling Statens naturoppsyn har fått ansvar for å gjennomføre fellingsforsøket, og vedtaket gjeld i tidsrommet 20. januar til 15. februar 2025. Statens naturoppsyn vil fortløpande vurdere iverksetjing når naudsynte forhold ligg til rette, står det i pressemeldinga.

Stortinget har fastsett eit nasjonalt mål om 39 årlege kull av jerv, med delmål fordelt på fem av dei åtte rovviltregionane. I rovviltregion 1 og 2 er det ikkje mål om ungekull av jerv.