
Under andre verdskrigen kom det fleire hundre sovjetiske krigsfangar til Vest-Telemark.
Det gjorde inntrykk på bygdefolket.
Dei såg blant anna at fangane mangla mat, og mange prøvde så godt dei kunne å stikke til dei matpakker, litt brød, eller jordeple. Dette var forbode. Tyskarane åtvara om strenge straffer for dei som hadde kontakt med fangane.

Men korleis dei tyske vaktene handheva dette varierte frå leir til leir.
I fleire av leirane i Vest-Telemark er det historier om tyske vakter som tillot bygdefolket å gje fangane litt ekstra mat, eller som snudde seg vekk og let som om dei ikkje såg det.