Mista livet då han var på fisketur
Det var Kåre Harald Nygård (80) frå Dokka som omkom i drukningsulykka i Vågslivatnet i Vinje laurdag.
Det opplyser politiet i ei pressemelding måndag. Nygård fall i vatnet i samband med ein fisketur. Det blei forsøkt hjarte- og lungeredning, men livet stod ikkje til å redde.
Namnet på den omkomne blir frigjeve i samråd med dei pårørande, opplyser politiet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP