Mobiloperatøren har oppgradert basestasjonane. Her blir det betre mobildekning

Innbyggjarar fleire stader i Vest-Telemark får no betre mobildekning. Mobilselskapet Ice har oppgradert basestasjonar fleire stader i Telemark.

– Denne utbygginga vil ikkje berre gi betre dekning til kvardags, men også gjere det tryggare for ice-kundar i beredskapssituasjonar, seier Mette Olsen Killingberg, direktør for mobilutbygging i Ice i ei pressemelding. 

Satsinga omfattar både 4G og 5G, og skal bidra til betre kapasitet og ei meir stabil mobiloppleving i heile regionen.

Ice, som er eigd av Lyse-konsernet, er ein konkurrent til Telenor og Telia. Ifylgje nettsida deira kan dei dekke 95,6 prosent av  innbyggjarane i Noreg. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS