På grunn av lite snø og uføreseieleg is på Møsvatn, må Mogen turisthytte halde stengt i påska. Biletet er tatt 9.april.

Mogen turisthytte held stengt i påska

Sein påske kombinert med lite snø og uføreseieleg is på Møsvatn gjer at turisthytta på Mogen må halde stengt denne påska.

Dagleg leiar på Mogen turisthytte, Kyle O'Donoghue fortel at dei i det lengste hadde håpa å kunne halde opent, men at fleire faktorar gjer at dei er nøydd til å stenge.

– Det er lite snø på vidda, så me reknar med at færre folk går der. Dessutan er det bart omtrent frå Gjuvsjåen og ned til Mogen, så då må ein gå til fots dei fire kilometerane ned til oss. Det er også bart rundt hytta, så her er det ikkje skiføre. I tillegg er isen på Møsvatn uføreseieleg. Kombinasjonen av desse faktorane gjer til at me dessverre må halde stengt i påska, seier han.

Sjølv om turisthytta vil halde stengt, vil dei likevel vera i beredskap for dei som skulle trenge ein stad å overnatte.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS