Monica og Gjermund fekk verneprisen for å ta vare på ærverdige Nesmark
Monica Borgen og Gjermund Gaastjønn har fått Tokke kommunes vernepris for 2019.
Det er oppvekstutvalet i kommunen som avgjer kven som får prisen. Borgen og Gaastjønn får prisen for bevaringa av Nesmark.
Det ruvande og flotte bygget blei opphavleg gjeve som ei bryllaupsgåve frå gruvedirektør kaptein John Daw til dottera. Bygget låg slik til at kapteinen kunne sjå til Nesmark frå eigedomen der han sjølv budde og etablerte ein flott park med både symjebasseng og tennisbane. Familien Daw kom frå Devonshire i England, og reiste frå Åmdals Verk på tampen av 1880-talet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prisen blei delt ut av utvalsleiar Geir Arild Djuve tysdag.