Har byrja: I framkanten er flata, røyr og anna gjort klart med tanke på å føre opp klubbhuset på Nidelv arena. Bak er motorcrossbanen der det kanskje blir snøskuterkøyring i vinter viss det er nok snø.
Geir Ufs
Motorklubb i ferd med å køyre inn nye 600 000 kroner
Den vesle Åmli og Nissedal motorklubb har bygd anlegg verdt over 10 millionar kroner på Nidelv arena. Nå er klubbhus til 4,5 millionar neste på planen. Åmli stør prosjektet med 300 000 kroner, og Nissedal formannskap tilrår kommunestyret å løyve same summen.
Frå 2017 har motorklubben realisert fleire prosjekt heilt sør i Nissedal kommune, nær grensa til Åmli. Fyrst ut var motocrossbane med ei kostnadsramme på 3 380 000 kroner. Finansieringa var 1 million kroner i spelemidlar, mykje dugnad og noko eigenkapital.
Året etterpå blei ein søknad om bilcrossbane godkjent. Kostnadsramma var 3 755 000 kroner – finansiert med 1 million kroner i spelemidlar, igjen mykje dugnad og noko eigenkapital.
Så i 2019 stod driftingsbane til 3 170 000 kroner på planen. Av dette 1 million kroner i spelemidlar, nok ein gong full gass for å utføre dugnad og noko eigenkapital.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP