100-åringen Kviteseid hornmusikk starta jubileumsåret med konsert i Kviteseidhallen.
100-åringen Kviteseid hornmusikk starta jubileumsåret med konsert i Kviteseidhallen.

Musikalsk fest for 100-åringen

Kviteseid hornmusikk inviterte til jubileumskonsert i Kviteseidhallen sundag kveld. 

Med bobler i glaset ynskte Kviteseid hornmusikk velkomen til jubileumskonsert inne i Kviteseidhallen sundag ettermiddag. Seks dagar etter korpset blei stifta, for hundre år sidan 10. mars i 1925, serverte aspirantar og musikantar 21 ulike musikkstykke på meisterleg vis. Konserten blei taktfast leia av dirigent Merethe Jørgensdottir Reinskås, som også har vore hornmusikkens musikalske leiar sidan 2012. 

Gjestene fekk forsyne seg, og kanskje mimre om gamle korpsminne, frå eit rikt kakebord i pausen før musikalske smakebitar blei presentert att. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS