Blir busetting: Nå blir det busetting på småbruket Vråli i Vråliosen.
Stein Olav Lie
Nå blir det busetting på Vråli
Ola Grindland og Elina Stang Grindland ville ikkje flytte til Vråli i Vråliosen. Dermed sa politikarane nei til konsesjonssøknaden. Nå er eigedomen overført til Olas far, Jon Grindland, og då hadde ikkje formannskapet nokre innvendingar.
Ola Grindland og Elina Stang Grindland søkte om å overta eigedomen i Vråliosen utan å måtte bu der. Dei bur og driv gard i Songdalen i Agder og kjøpte i 2018 Vråli med ein plan om å nytte eigedommen som tilleggsjord. Kommunen sa nei. Det same gjorde fylkesmannen. Deretter kom det ny søknad; ikkje som tilleggsjord, men som sjølvstendig bruk. Det meinte kommunen ikkje endra noko. I fjor haust konkluderte Landbruks- og matdepartementet at dei ikkje fann noko grunn til å gjera om vedtaket og gav eigarane tre månader på seg til å «avhende» eigedomen.
I den nye konsesjonssøknaden til kommunen kjem det fram at eigedomen er overført til Jon Grindland, faren til Ola. Kjøpesum er 3,8 millionar kroner. Jon Grindland vil busetje seg på Vråli og drive skogbruk og husdyrbruk med sau, kjem det fram i saka.
– Ola Grindland og Elina Stang Grindland har ført ein lang prosess for å få konsesjon utan vilkår om buplikt. Dette har ikkje ført fram og det er difor gledeleg at dei sel eigedomen til nokon som vil busetje seg der, skriv kommunedirektøren, og legg til at Jon Grindland, som bur i Kristiansand, har lang erfaring i landbruket og er difor vurdert som skikka til å drive eigedomen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP