Helsesjef i Vinje Kari Dalen peikar på beredskap som ein av grunnane til at det er behov for ei ny fagleiarstillinga på legekontoret i Vinje. Biletet er frå kommunestyremøtet i februar.

Nå blir det ei leiarstilling til på legekontoret. – Oppgåver og ressursar må tilpassast

Vinje kommune lyser etter ein fagleiar for legevakt og legekontor. Stillinga er ei omgjering av ei eksisterande sjukepleiarstilling som er ubemanna for tida.

Legetenestene i Vinje har alt ein avdelingsleiar, og den nye fagleiarstillinga kjem i tillegg, opplyser helsesjef Kari Dalen.

– Dette er ikkje ei stilling på line med avdelingsleiar si, men rett og slett uttrykk for at ein ser behov for å organisere ansvar og oppgåver internt i ei avdeling så hensiktsmessig som råd. 

Fagleiarstillinga skal bemannast av ein sjukepleiar, og vil få ulike administrative oppgåver, som å følge opp interne prosedyrar og planlegge øvingar og andre tiltak. Fagleiaren skal også delta i pasientbehandling ved behov, og delta i akutt beredskapsarbeid.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS