Nå er ventilasjonsanlegget skifta og symjehallen open att
Dei aktive symjarane i Seljord har måtta køyrd til Bø i vinter for symjetrening og livredning i basseng. Denne veka opna endeleg bassenget i Seljord att.
– Symjehallen i Seljord opna måndag og vil vere open fram til laurdag 13. mai. I påska vil det vere eigne opningstider, opplyser kultursjef i Seljord, Asbjørn Storrusten.
Symjehallen i Seljord har eit 25 meter langt basseng med ein vasstemperatur på 30 grader. Symjehallen ligg ved ungdomsskulen midt i sentrum, og bassenget er ope for vaksne på tysdagskveldar, alle på fredagskveldar og laurdag føremiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Elles så er det symjing i regi av Grenland symje- og redningsklubb på ettermiddag torsdagar, seier Storrusten.
Nytt ventilasjonsanlegg
I fjor sommar melde Seljord kommune at klimaanlegget i symjehallen var så dårleg at dei ikkje kunne opne bassenget slik dei plar etter haustferien.
Storrusten seier at heile ventilasjonsanlegget i symjehallen er skifta.
– Me trøbla med å få delar til det nye ventilasjonsaggregatet, men nå er dette på plass, seier han.
Det vi jobbar med nå og som er forsinka er at vi ikkje fekk bora energibrønnar og fått energisentralen på plass. Me håpar å få dette på plass i april/mai, men bytte av energikjelde vil ikkje medføre stenging av hallen, stadfestar Storrusten.
Nøgde symjarar
Symjetrenar i Grenland symje- og redningsklubb, Hanna Merete Karlsen, fortel at fem aktive nippers-symjarar var med på stemne i Vestby i helga.
– Alle dei unge livreddarane viste gode resultat, og hadde godt lagarbeid i øvingane der ein må kaste bøye og line i kombinasjon med symjing, fortel Karlsen.
Ho fortel at symjeklubben har halde treningar i bassenget på Gullbring i Bø denne vinteren sidan symjehallen i Seljord har vore stengt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men måndag opna endeleg bassenget i Seljord att, og me kan trene der på torsdagane att, seier trenaren nøgd.
Ho legg til at det er 12 aktive utøvarar som er med å konkurrerer, og at klubben har om lag 70 barn innom på symjeopplæring delt på ulike grupper.