SLT-koordinator: John Gramstad er nå også radikaliseringskoordinator i Kviteseid kommune, opplyser kommunen på heimesida si.

Nå har John blitt radikaliseringskoordinator

– Det kviler eit ansvar på kvar enkelt av oss i førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Det melder Kviteseid kommune på heimesida si. Her skriv dei at SLT-koordinator John Gramstad i haust og vinter har delteke i ei grundig opplæring i temaet førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Kommunens råd

På heimesida deler kommunen informasjon om kva ein skal gjera dersom ein er uroa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om du er tilsett i kommunen:

Om du som tilsett i Kviteseid kommune er bekymra for at ein brukar av våre tenester eller ein tilsett i kommunen er i ferd med å radikaliserast, skal du drøfte bekymringa med din leiar. Det er leiar som tek kontakt med radikaliseringskoordinator.

Om du er innbyggar:

Om du som innbyggar er bekymra for at ein du kjenner er i ferd med å radikaliserast, eller kan vere spesielt utsett for radikalisering, kan du ta kontakt direkte med radikaliseringskoordinator.

Bekymra for valdelege aksjonar:

Om du er bekymra for at nokon, på grunn av radikalisering, planleggar valdelege aksjonar eller andre ulovlege handlingar, er dette ein sak for politiet. Då må du ta kontakt på telefon 02800 (eller 112 dersom det er akutt). Radikaliseringskoordinator i Kviteseid kommune, samarbeider tett med politikontakt og politiets radikaliseringskontakt.

Kven er spesielt utsett for radikalisering?

Erfaringar tyder på at utanforskap er ein medverkande faktor til radikalisering og ekstremisme. Utanforskap er eit uttrykk som blir bruka om manglande sosial tilknyting til samfunnet rundt. Det beskriver ein situasjon der enkeltmenneske eller grupper av menneske står utanfor samfunnet av ulike årsaker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidige teikn

Kommunen skriv elles at det er viktig å merka seg at risikofaktorar i seg sjølv ikkje gir opphav til radikalisering. Dei fungerer som teikn på omstende som mogleggjer at personen kan stå i fare for å radikaliserast.

– Det er når fleire bekymringsteikn opptrer samtidig at det bør gjerast nærmare undersøkingar, melder kommunen.

Radikalisering og valdeleg ekstremisme

– Radikalisering er prosessen der ein person i aukande grad aksepterer bruk av vald for å nå sine politiske mål.

– Med valdeleg ekstremisme meinast personar som er villige til å bruke vald for å nå sine politiske mål

– I Kviteseid kommune er det ei eiga arbeidsgruppe som jobbar med radikalisering. Kontaktperson for gruppa er SLT-koordinator John Gramstad, som og har rolla som radikaliseringskoordinator i Kviteseid

– Denne satsinga er eit resultat av regjeringas «Handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme» og det ansvaret kommunane har.

Kjelde: Kviteseid kommune