Nå kan lokale mastergradsstudentar søke kommunen om stipend. Dette er vilkåra

Tokke kommune har innført stipend for mastergradsstudentar. Stipenda kan delast ut til tre personar og er på 30 000 kroner.

Det var Gro Bakke frå Lårdal som hausten 2023 tok initiativ til at heimkommunen etablerer eit mastergradsstipend.

Ho meinte at det burde vere ei målsetjing for Tokke kommune å rekruttere unge og nyutdanna til å søke på stillingar i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I desember vart saka samrøystes vedtatt av politikarane.

– Eg vil fyrst og fremst rose ungdommen vår som set ting på dagsorden, og som ser saker me litt meir vaksne ikkje har tenkt på ein gong, sa kommunedirektør Finn Arne Askje den gong.

Må vere folkeregistrert i Tokke

Kommunen skal dele ut inntil tre mastergradsstipend i året, og kvart stipend er på 30 000 kroner. Halvparten av stipendet blir utbetalt når studenten byrjar på oppgåva, og resten når oppgåva er godkjent.

Det er nokre krav til dei som kvalifiserer til å få stipendet. Studentane må vere folkeregistrert i Tokke, oppgåva må vere relevant for kommunen eller ei av verksemdene her, datagrunnlaget skal hentast inn i Tokke, oppgåva må bli presentert for kommunestyret og det skal også lagast ein kortversjon av masteroppgåva.

På heimesida til kommunen kan me lese at søknadsfristen er 31. januar.

Her kan me også lese at målet med stipendet er å støtte og motivere lokale studentar, auke utdanningsnivået i kommunen og betre rekrutteringa i kommunen og verksemder lokalisert i Tokke.