Redda: Nissedal kommunestyre har vedteke at Felle barnehage og skulefritidsordning skal halde fram også etter sommaren 2022.
Geir Ufs
Neste haust er det tre små i barnehagen her
Kommunestyret i Nissedal opprettheld barnehagen på Felle, trass i at det bare går tre barn der neste haust.
Då formannskapet diskuterte barnehagesaka på Felle, ville opposisjonen Sp oppretthalde tilbodet der det også er skulefritidsordning (SFO) i det tidlegare skulelokalet i grenda. Saka kom opp fordi det frå neste haust ser ut til å bli bare tre barn som skal nytte tilbodet. Alle er under tre år, og då tel kvart av dei som to barnehageplassar.
Før saka kom opp i kommunestyret sist torsdag, hadde fellsingane Stein Skåli (Sp) og Kim Jørgen Berntsen (Ap) ei sterk skriftleg oppmoding til politikarane om at Felle må få behalde barnehagen. Berntsen fylgde opp med eit engasjert innlegg i kommunestyret, og saka enda med at alle folkevalde sa ja til at barnehagen og SFO kan fortsette også frå komande haust av.
Andre budsjettvedtak i kommunestyret:
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP