Sidonie Hansen ser fram til turistsesongen.

Nesten eitt år etter oppstarten er Sidonie optimist og gler seg til turistane kjem

I fjor vår opna Sidonie Hansen butikken «House of Madagascar» på Dalen. Sidan den gong har konseptet endra seg ein del.  

- Det har godt betre enn eg såg for meg, fortel Sidonie. 

Ho er midt i lunsjrushet på «House of Madagascar», og det er lunsjsvoltne kundar ved borda som er sett opp i den eine delen av butikken på Dalen. Då Sidonie opna butikken i slutten av april i fjor, satsa ho på interiør, te, kaffi, syltetøy og sjokolade – alle produkta med opphav frå same land som henne sjølv, sjølvsagt Madagaskar. Det var då under eit år sidan ho flytta til Tokke og Åmdals Verk, og ho var spent før opninga av butikken. Sidonie fortel at det har vore både gøy og lærerikt. 

I løpet av året har ho endra konseptet litt, og nå luktar det både kanelsnurrar og kaffi i butikken. «House of Madagascar» er nemleg ikkje berre ein butikk lenger, men ein kombinasjon av butikk og kafé. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS