Tømmerlageret: Øyfjell Sag og Høvleri er i vekst og treng lagerplass. Dei siste to åra har dei hatt mellombels dispensasjon til å nytte dette jordet til lager. No ønskjer dei ei varig omregulering til dette føremålet.
Åshild Emma Solbjør
No er støyrapporten frå tømmerlageret klar
Verst støyar det når flishoggaren går på tømmerlageret rett ved Straumekrysset i Øyfjell, men også desse verdiane er så vidt innanfor dei nasjonale grenseverdiane for støy. Det viser ein støyrapport utarbeidd av Sweco for Øyfjell sag og høvleri.
Øyfjell sag og høvleri er i vekst, og jobbar for å få omregulert ein teig med dyrka mark til varig tømmerlager. Desse planane har vore på høyring i vår.
Det er om lag ti hytter og seks bustadar i umiddelbar nærleik til lagerområdet, og både fastbuande og hyttefolk har vore opptekne av støyen frå tømmerlageret. I juni kom også Statsforvaltaren på banen og kravde ein støyrapport.
No har Sweco gjort målingar av ulike støysituasjonar ved tømmerlageret. Desse har dei samanlikna med ein situasjon med berre vegtrafikk som passerer hytter og hus i området.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP