Vipps kan frå og med tysdag 24. september også brukast i Sverige. I sommar blei det mogleg å bruke betalingstenesta i Danmark og Finland. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

No kan du vipse også til Sverige

Frå og med i dag er det mogleg å bruke Vipps til å sende pengar til Sverige. Tidlegare i sommar vart det mogleg å gjere dette også i Danmark og Finland.

Publisert Sist oppdatert

Dansk-finske MobilePay slo seg saman med den norske betalingstenesta Vipps i sommar.

Sidan då har ein enkelt kunne sende pengar over desse landegrensene på same måte som mellom nordmenn, melder TV 2.

Svenske Swish vart invitert med i samarbeidet, men takka nei. Dermed har Vipps etablert seg sjølvstendig i Sverige, og frå og tysdag kan ein altså bruke tenesta også i vårt næraste naboland.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS