NRK: – Regjeringa innfører forbod mot å vera på hytta
Hytteinnbyggjarane kan bli tvinga heim, om nødvendig.
Forskrifta blir vedtatt i statsråd i dag, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie til NRK.
– Det er rett og slett for at dei kommunane som har mange hytter skal vera i stand til å ta vare på sine eigne innbyggjarar i ein veldig krevjande situasjon. Det betyr at alle nå må følge den sterke oppmodinga frå statsministeren om å pakke sakene sine og reise heim. Viss dei ikkje gjer det, vil me forby dei å opphalde seg på hytta, seier Høie til NRK.
Artikkelen held fram under annonsen.
Helseministeren var ikkje førebudd på at så mange reiste på hytta.
– Dette viser kor sterkt hyttekulturen står i Noreg, men eg trur nå mange av oss har forstått alvoret. Eg er glad for å sjå at mange har begynt å reise heim, og dette er nå det hyttefolk kan gjera for å hjelpe den kommunen hytta er i, slik at dei kan konsentrere sin innsats om dei som bur i kommunen, seier Høie.
Forbodet vil gjelde for hyttetur til andre kommunar enn ein bur i.