NVE rår alle til å sjekke grundig kor tjukk isen er, før ein går utpå. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
NVE åtvarar før påska: – Våris er den farlegaste istypen
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ber isfiskarar og skøyteløparar om å vere merksame på snøfrie vatn i kystnære strøk.
– Våris er den farlegaste istypen. Fleire dødsulykker har skjedd når isfiskarar går mot innløpet på ein innsjø, der fisket kanskje er best. Der dei tidlegare på vinteren kunne gå nesten til iskanten, går dei overraskande gjennom på ròten våris før dei kjem så langt, seier isvarslar Kjetil Melvold i NVE i ei pressemelding.
Isen blir framleis rekna som farbar i Nord-Noreg og i høgda i Midt- og Sør-Noreg. Kystnært, der ein gjerne finn snøfrie vatn med skøytemoglegheiter, er isforholda meir variable.
Vårisdanninga startar når snøen på isen har smelta bort. På snøfrie vatn kan ein få våris som ber etter ei kald natt, men som utover formiddagen plutseleg mistar bereevna når det blir sol og varme.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP