Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK
NVE vil vite meir om villreinen før nye kraftverk-ja i Røldal-Suldal
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) krev no fleire utgreiingar om villrein i samband med søknaden om å bygge fleire pumpekraftverk i Ullensvang og Suldal kommunar
Røldal Suldal Kraftverk DA har søkt om å bygge Røldal 2, Novle 2, Kvanndal 2, Suldal 2B og Nordmork kraftverk.
– Etter vår vurdering er det nødvendig med fleire undersøkingar knytt til villrein, for å kunne ta stilling til om anlegga bør få konsesjon eller ikkje, seier Carsten Jensen, seksjonssjef i NVE, i ei pressemelding.
Fleire høyringspartar, inkludert statsforvaltarane i Vestland, Rogaland, Agder og Vestfold og Telemark, har bede om desse tilleggsundersøkingane og har reist innvending mot søknaden. NVE meiner at undersøkingane ikkje treng å forseinke sakshandsaminga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP