Ny app lèt deg sjekke norske dyre- og blomsterartar
No kan du bruke mobilen til å sjekke kva slags dyr eller blomster du har funne. Ein ny norsk mobilapp skal gi deg svaret.
Appen Artsorakelet er utvikla av Artsdatabanken. Brukaren kan sjekke blomster- eller dyreartar ved å søkje med eit bilete, opplyser Artsdatabanken i ei pressemelding.
Appen er spesialisert til norsk natur og har eit biletbibliotek på 1,1 millionar bilete.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Alle kan bruke Artsorakelet og dele funna sine med Artsobservasjonar. På den måten bidreg ein til forsking og forvaltning av naturmangfald her i landet. Samtidig får Artsorakelet endå fleire bilete å trene på, seier seksjonsleiar i Artsdatabanken, Ingrid Ertshus Mathisen.
(©NPK)