Kovesand: Ny basestasjon vil gje betre mobilforhold.

Ny basestasjon skal syte for tilfredsstillande mobilforhold på Møsstrond

Saman med oppsitjarane i området Kovesand – Juve ser Vinje kommune og Telenor på etablering av ein ny basestasjon, i første rekkje på Linuten ved Vårli.

Publisert

Telenor dekkjer sine eigne kostnader. Kommunen må bidra kring grunneigaravtale, medan den økonomiske bøygen dreier seg om framføring av straum, kjem det fram av sakspapira til Kraftfond Møsstrond.

Styret i kraftfondet Møsstrond tek onsdag stilling til om dei vil løyve 750 000 kroner til Rauland kraftforsyningslag, for komplett anlegg med høgspent, nettstasjon og lågspentanlegg.

Det er skriven intensjonsavtale mellom kommunen og Telenor om denne etableringa. Framdriftsplanen vil starte opp til våren, med sikte på å ha basestasjonen klar sommaren 2020, dersom ein finn finansiering til tiltaket, skriv Vinje-rådmannen i saksutgreiinga.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS