Høgare tilskot: Daniela Plozicki gler til å drive landhandel på Felle. Kommunedirektøren tilrådde 30 000 kroner i tilskot til butikken – Nissedal formannskap auka summen til 50 000 kroner.
Geir Ufs
Ny matbutikk får støtte. – Viktig for bulysta
Eit samrøystes Nissedal formannskap løyver 50 000 kroner frå næringsfondet til Telemark Panorama servicesenter AS. Tilskotet går til å reetablere matbutikk på Felle.
50 000 kroner er i tråd med summen som Telemark Panorama servicesenter AS (TPS) søkte om med tanke på å opne matbutikk på Felle att.
– Det er viktig å få på plass butikk på Felle og for bulysta der, sa Kristin Parkinson Vågen (Ap), like før løyvingsvedtaket kom.
I saksutgreiinga til formannskapet blir det opplyst at TPS har lagt opp til eit budsjett på 2,5 millionar kroner for å sikre ny matbutikk og drift i dei gamle matbutikklokala på Felle. TPS har fått støtte frå Merkurprogrammet. TPS er i dialog med leiar for omstillingsprogrammet i Nissedal for å utvikle si bedrift, men også for å sjå korleis TPS kan vere med å bidra til tiltak som fremjar bulyst på Felle.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP