Innsamlingsvinnar: Bøsseberarane sto for over halvparten av dei 1,45 millionar kronene som vart samla inn til årets TV-aksjon, til inntekt for Barnekreftforeininga.
Kari Smeland
Ny rekord i alle dei seks kommunane: Gav meir enn dobbelt så mykje som for fire år sidan
Totalt bidrog vesttelane med snaue halvannan million til årets TV-aksjon, til inntekt for Barnekreftforeininga. Klart mest kom inn på bøsse.
I fjor sette fire av seks kommunar nye innsamlingsrekordar under TV-aksjonen. I år har det i alle seks kommunane blitt samla inn meir enn nokon gong. Også på landsbasis vart det sett rekord:
Vinje toppar listene både over totalt innsamla sum og når det kjem til donasjon per innbyggar i Vest-Telemark. Totalt fekk dei inn snaue 570 000 kroner i Vinje, noko som tilsvarer 149 kroner per innbyggjar – 45. høgast i landet.
Bøssebering sto for meir enn halvparten av den innsamla summen, vel 765 000 kroner vart putta ned i bøsseopningane. Skulane i Vinje, Seljord og Fyresdal (i dei tre andre kommunane er det ikkje rapportert inn innsamlingar frå skular) sto for 12,9 prosent av den innsamla summen (187 000 kroner), og var med det den nest største givargruppa, medan kommunane sjølve, private og kategorien «anna» sto for kring 10 prosent kvar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP