Ny rettsrunde i Sjølie-saka

Hotellinvestoren Marianne Sjølie får prøvd saka si på ny. Ho vart i juni i fjor dømd til tre års fengsel for kvitvasking av minst 64 millionar kroner ektemannen, advokat Halstein Sjølie, underslo.

Publisert Sist oppdatert

Ankeutvalet i Borgarting lagmannsrett avgjorde tysdag at anken frå Marianne Sjølie slepp inn til full behandling. I den samrøystes tingrettsdommen skreiv retten at Marianne Sjølie hadde «Utvist et fast forbrytersk forsett» og at ho hadde utarbeidd dokumentasjon for å skjule underslaga ektemannen gjorde av klientmiddel. Ho var advokatsekretær og førde rekneskapane til ektemannen.

Ektefellane åtte og dreiv fleire hotell mellom andre Morgedal hotell og Haukeli hotell. Sjølv vart ektemannen i oktober 2021 dømd til fem og eit halvt års fengsel for grove underslag.

Då saka mot Marianne Sjølie gjekk for Oslo tingrett i april 2024, gjekk det med tre fulle veker i retten.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS