Ny smitta i Vinje kommune – Rauland barnehage blir stengd fredag 12. mars.
Det er påvisst koronasmitte hos ein person i Vinje kommune. Ein nærkontakt av den smitta personen kan sjåast ifm Rauland barnehage. Med bakgrunn i dette vel kommuneoverlegen å stenge barnehagen i morgon fredag 12. mars.
Det melder Vinje kommune i ei pressemelding torsdag kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Barn, foreldre og tilsette i Rauland barnehage er sett i ventekarantene frå i kveld og skal testast i morgon. Dette gjeld også skulebarn og vidaregåande-elevar med sysken i barnehagen. Det er ca. 280 personar som blir testa i fredag.