Ny tannlege på plass: Sheeraz Malik Sharif (39) har kjøpt tannlegepraksisen som Øystein Bakke etterlet seg på Rauland. Med seg på laget har han det same teamet som Bakke – tannhelsesekretær Jorunn Skinnarland (t.v.) og tannlegeassistent Åsne Dyrland (t.h.).
Åshild Emma Solbjør
Ny tannlege på plass: – Det vil ta tid å fylle den tomme plassen til Øystein
Det er snart fem månadar sidan Rauland tannlegekontor brått måtte stenge dørene. No har tannlege Sheeraz Malik Sharif (39) kjøpt praksisen, og fredag var han klar til å ta imot dei fyrste pasientane.
Me besøker Rauland tannlegekontor ein halvtime før den fyrste pasienten skal i stolen, og i skranken møter me to kjende andlet.
– Me har venta. Venta og håpa, seier tannlegeassistent Åsne Dyrland. Ho har vore arbeidsledig sidan ulykka der tannlege Øystein Bakke omkom, og både ho og tannhelsesekretær Jorunn Skinnarland er glade for å vere med vidare når praksisen no gjenopnar. Samstundes ønskjer dei å takke dei andre tannklinikkane for korleis dei har stilt opp.
– Tannlege Live Lid Breiland ved Vinje Tannklinikk var på telefonen dagen etter ulykka, om det var noko ho kunne bistå med, og det var det sjølvsagt. Me nærma oss jol, og mange nye tenner skulle på plass før ribba kunne nytast, så det var viktig å få hjelp til dette, fortel Skinnarland.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP