Ny turnus og fysioterapeut er på plass

Formannskapet i Kviteseid blei i førre møte orientert om at det per nå er 34 pasientar ved Kviteseid omsorgssenter (KOS).

Kommunalsjef for helse og omsorg, Olav Kaasa, orienterte formannskapet om at det er 34 pasientar ved omsorgssenteret, inkludert dei som treng eit døgntilbod for behandling, observasjon eller pleie (KAD/kommunal akutt døgneining).

– På grunn av beredskap har me 36 rom, det har vore mykje fullt og me har hatt fleire overliggarar på sjukehus, kunne kommunalsjefen melde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kaasa kunne også fortelje at det per nå er 125 brukarar i heimetenesta, og 115 brukarar innan psykisk helse.

Om mat frå kjøkkenet på KOS blir det køyrd ut om lag 40 middagar i veka knytt til ordninga «eldre hjelper eldre». Dette er på tysdagar og torsdagar. Kjøkkenet leverer også 70 middagar i veka til Lundenjordet.

Kommunalsjefen orienterte også om at det blir arbeidd med rekruttering på KOS, og at kommunen mellom anna skal lyse ut to sjukepleiestillingar.

– Ny turnus for dei tilsette er ferdig etter eit godt samarbeid med dei tillitsvalde, og blei sett i drift som planlagt 4. oktober. I den nye turnusen er det innarbeidd større stillingar innanfor stillingsramma og ein del langvakter. Bruk av vikarbyrå er redusert frå 6 til 2 personar, og det er ein positiv stemning rundt arbeidet som som blir gjort mellom anna med ny turnus. Det ser ut til at me er på god veg, dersom me slepp for store pandemiutfordringar, uttala Kaasa.

– Me har også tilsett ny fysioterapeut på driftstilskot som me håpar snart er på plass, uttala Kaasa.