Treng frivillige: Ea Kristine Bakken (t.h.) på Vinje frivilligsentral treng frivillige som kan ta på seg oppdrag for å hjelpe flyktningar med praktiske oppdrag, sosiale oppdrag og transportoppdrag. Biletet er frå øvekøyring, som er eit anna hjelpetiltak Bakken administerer der frivillige hjelper flyktningar.
Åshild Emma Solbjør
NyBy for ny gruppe: – Me ønsker frivillige frå heile kommunen som har litt tid til overs og hjarterom for våre flyktningar
Heile 68 frivillige hjelper eldre og pleietrengande i Vinje via oppdrag i appen NyBy. I februar lanserer frivilligsentralen endå ei NyBy-gruppe, for frivillige som vil hjelpe flyktningar.
Dei 68 frivillige i NyBy-gruppa for dei eldre og pleietrengande hjelper til med transport, sosialt samvær og praktiske ting som å henge opp gardiner. I fjor haust dukka ideen opp om å nytte NyBy for å hjelpe flyktningar også. Det vart oppretta ei gruppe for dette i appen, men her er det ikkje registrert så mange frivillige enno.
– Me har heller ikkje marknadsført dette, så det er ganske naturleg, forklarar Ea Kristine Bakken på Vinje frivilligsentral.
Etter at at dei fekk ideen, har satsinga lege litt på is, men dei har likevel prøvd seg på å legge ut to oppdrag.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP